Fosnavåg sentrum
Mai 2026
Nyheitsbrev til sentrumsaktørane · Fosnavåg
Bygnist Fosnavåg
Utgåve 05/2026 · Neste utgåve: 1. juni
Hei, kjære sentrumsaktørar!
Her er månadsoversikta frå Bygnist. Dette er nyheitsbrevet der du finn oversikt over kva som skjer i sentrum, kva vi jobbar med, og korleis du kan bidra. Har du noko du vil dele — ta kontakt!
— Gabrielle og Janine, sentrumskoordinatorar Fosnavåg
Ei lita oppdatering frå bygnist
Det er snart eitt år sidan vi starta som sentrumskoordinatorar – og no jobbar vi vidare med å bygge på det vi sette i gang i fjor. Bak kulissane jobbar vi med: – søknader og finansiering til vidare utvikling av møteplassar og prosjekt – vidareutvikling av Fjord & Jord, og ser på moglegheiter for noko meir permanent saman med lokale aktørar – å finne nye konsept og aktørar som vil etablere seg i sentrum – å hente inn aktivitetar som street food og liknande konsept – eit eige ungdomsprosjekt gjennom sommaren – moglegheita for eit lokale på bakkenivå – ein synleg base for Bygnist og ein møteplass for aktivitet Samtidig held vi fram arbeidet med det vi starta i fjor: pop-up, arrangement, samarbeid og utvikling av sentrum som ein levande møteplass. Målet er det same – meir liv, fleire opplevingar og eit sterkare sentrum.
Månaden sitt fokus
Pop-up arrangemnet: vi ser etter nye aktørar!
Vi ønskjer å aktivere med midlertidige utstillingar, sal eller arrangement. Kjenner du nokon som vil prøve noko nytt utan å binde seg langsiktig? Ta kontakt med oss — vi ordnar resten.
Aktivitetar denne månaden
1mai
Amcar Vårmønstring
Herøy Kulturhus
Amcar Ytre Sunnmøre inviterar til den 40. Vårmønstringa i Fosnavåg! Premiering i mange ulike klasser! Åpner for utstillere klokken 10.00 Åpner for publikum klokken 12.00 Premiering ca klokken 15.30 Inngang: 100,- pr person Barn under 6 år gratis
8mai
Trubadurhelg
Thon Hotell 8.-10. mai
Øystein Eckhoff kommer igjen til Fosnavåg! Øystein er etter vår mening en av Norges beste trubadurer, og har med sin flotte stemme og gode humør skapt fantastisk stemning hver eneste gang han har besøkt lobbybaren vår! Fri inngang fredag CC 150,- lørdag 20 år Lenkje til arrangement: https://fb.me/e/5Ls3DuUQI
9mai
The Greatest Show 2026
Fosnavåg konserthus Kl. 18:00
Bli med på ei magisk og fargerik reise når over 70 talentfulle elevar frå Herøy kulturskule fyller scena i Fosnavåg konserthus med musikk, dans og rein speleglede.
17mai
17. mai — hovudarrangement
Herøy Kulturhus · frå kl. 07:00
Nyheiter
Handle lokalt-veke
Vi inviterer til ei felles “Handle lokalt”-veke i slutten av mai – med fokus på liv, stemning og gode opplevingar i sentrum. Dette er ikkje ein salskampanje, men ei veke der vi løftar fram atmosfære, service og aktivitet. Målet er å auke besøk og styrke samarbeidet i sentrum. Aktørar kan bidra med enkle aktivitetar. Bygnist koordinerer og står for felles profilering. Del gjerne idéar med oss.
Ny Street Food Festival i Juli!
Vi er heldige og får Street Food Skandinavia på besøk til FosNavåg 9. - 12. juli! Dette er eit fint og familievennleg konsept. Vi gler oss til å skape litt liv også i sumarmånadane og håpar fleire vil vere med å skape engasjement i sentrum denne helga! Send oss gjerne tankar og idear til kva anna Fosnavåg kan by på denne helga.
Tips og ressursar
SoMe denne månaden
Hugs å tagge @bygnist_fosnavaag når du postar frå arrangement. Vi deler og promoterer vidare.
Vil du seie noko?
Har du ei sak du vil løfte, eit behov eller ein idé? Ta kontakt — vi møter alle for ein prat.